Hopp til hovedinnhold

No kan du nominere årets nynorskkommune 2024


Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som viser til

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
  • eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
  • tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
  • opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
  • tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område

I år vil juryen leggje særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.

I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Kven som helst kan nominere

Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.

Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 15. september 2024. Prisen skal delast ut av Kultur- og likestillingsministeren 21. oktober i Oslo.

Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89

I 2022 fekk Vestland fylkeskommune prisen for årets nynorskkommune.