Nasjonalbiblioteket legg til rette for taleattkjenning på nynorsk
Uttaleordlista for nynorsk er ein del av samarbeidet mellom Språkrådet og Nasjonalbiblioteket om utvikling og tilgjengeleggjering av grunnlagsressursar for språkteknologi på norsk, og er eit av måla med arbeidet for 2020 og 2021.
– Slike grunnlagsressursar er avgjerande for at det skal bli attraktivt å utvikle språkteknologi på eit lite språk som norsk. For det norske språksamfunnet er det viktig at teknologiutviklarar no kan lage produkt som også verkar på nynorsk, seier Wetås.
Det finst allereie mykje god taleteknologi for norsk, men denne støttar ofte berre bokmål. Den nye uttaleordlista for nynorsk frå språkbanken kan nyttast gratis av alle føretak, skriv Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding.