Hopp til hovedinnhold

Ål er årets nynorskkommune


Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke. I Viken har tre av i alt 51 kommunar nynorsk målvedtak. To av dei ligg i Hallingdal.

– I ei tid der reformar, stordriftsfordelar og interkommunalt samarbeid er fyndord, er det viktigare enn nokon gong for ein kommune som Ål å styrkje lokalsamfunnet gjennom felles språk, historie og identitet. Elles kan Ål som randområde for nynorsk skriftspråk drukne i møte med fylket og nabokommunane, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

I år er det Ål sin tur

I finalen hadde Ål kommune sterk konkurranse frå Herøy, Stad og Kvinnherad kommunar. Desse tre kommunane, som alle ligg i trygge nynorskområde, syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Likevel er det Ål kommune som trekkjer det lengste strået. Kommunen har alt på stell, med målbruksplan og språkmålsetjingar i planverk og strategidokument, og arbeider systematisk med næringsliv, kulturliv, skule, barnehage og kommuneadministrasjon for å styrkje nynorsk som bruksspråk. Kommunen imponerer særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringsliv.

«Tiltaka gjev resultat: Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Prisutdeling i Oslo

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel, delte ut prisen på vegner av kulturministeren på eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Kontakt:

kommunikasjonssjef i Språkrådet, Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82
juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89