No kan du nominere årets nynorskkommune 2024

Juryen vil prioritere kommunar eller fylkeskommunar som viser til
- aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i (fylkes)kommunale planar, kommunikasjonsarbeid og kulturarbeid
- eigne retningsliner for nynorskbruk i (fylkes)kommunen og opplæringstilbod for tilsette
- tiltak som fremjar bruk av nynorsk i næringslivet
- opplæringstilbod for innvandrarar og flyktningar på nynorsk
- tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule
- tiltak som utvidar bruken av nynorsk eller fremjar bruken av nynorsk på nye område
I år vil juryen leggje særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.
I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Kven som helst kan nominere
Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, kan føreslå ein kandidat til prisen. Det er fullt mogeleg å nominere kommunar og fylkeskommunar som har vore med i tevlinga før. Språknøytrale kommunar kan òg nominerast.
Fristen for å nominere kommunar og fylkeskommunar er 15. september 2024. Prisen skal delast ut av Kultur- og likestillingsministeren 21. oktober i Oslo.
Kontakt: juryleiar Margrethe Kvarenes, tlf. 94 89 47 89