Hopp til hovedinnhold

Kredibel og kredibilitet – utan kred i rettskrivinga?

Sist oppdatert: 30. september 2024

Spørsmål

Eg finn ikkje kredibilitet, kredibel eller kred i ordbøkene mine og heller ikkje i ordboka til Språkrådet på nettet. Er dette ord som ikkje skal brukast på norsk? Og kva er eigentleg den rette tydinga?


Svar

Kredibilitet finst unekteleg i norsk, og det er greitt oppbygd i samsvar med t.d. mobilitet og sensibilitet. Men det har framleis preg av sjargong eller engelskpåverknad. Oftast er det best å bruke truverd for kredibilitet og truverdig for kredibel. Kred ‘tillit, truverd’ kan brukast i sjargongprega tekst sjølv om det ikkje høver i rettskrivinga (uttalen er jo kredd).

Kredibilitet kjem av det engelske credibility, som tyder ‘truverde’. Det er heilt rett at det ikkje står i Nynorskordboka eller Bokmålsordboka (per desember 2020), men i naob.no og Tanums store rettskrivningsordbok er det kome inn, med nett denne tydinga.

Cred er ei kortform av street credibility, opphavleg noko ein må ha for å lykkast (vere truverdig, vere verdig tillit) på gata i amerikanske storbyar. Dette er så blitt overført til nye sfærar i samfunnet og menneskelivet. Svenskane har både cred og kredd i ordlista. Hybridforma kred kan sjåast som ei delvis norvagisering av cred eller ei kortform for anten kredibilitet (å ha kred) eller kreditt (å få/gje kred ‘anerkjenning, ros, skryt, honnør’). Det står både i Norsk Ordbok og i Det Norske Akademis ordbok. Uttalen er /kredd/.

Om basen

Artiklene i svarbasen er skrevet av rådgivere i Språkrådets svartjeneste. Svarene er basert på spørsmål vi har fått på e-post og telefon de siste 10–15 årene. De fleste artiklene er satt sammen av flere spørsmål og svar om samme emne, og spørsmålsstillerne er anonymisert. Artiklene justeres når det er grunn til det. Alt innhold i svarbasen kan regnes som gyldig.

I de fleste artiklene finner du et kort svar i ingressen, altså det første avsnittet, som står med feit skrift. Ikke hopp over det! Resten av teksten i hver artikkel er for de ekstra interesserte og tålmodige.

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldingene brukes til å forbedre nettsiden, de besvares ikke. Språkspørsmål kan du sende til: sporsmal@sprakradet.no.