Kven blir årets nynorskkommune 2024? Velkommen til prisutdeling
21. oktober kl. 12.00–13.00 deler kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ut prisen «Årets nynorskkommune» på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Du er velkommen til å lære av vinnaren!

21. oktober kl. 12.00–13.00 deler kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ut prisen «Årets nynorskkommune» på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Du er velkommen til å lære av vinnaren!
Prisen er på 200 000 kroner og går til ein kommune eller fylkeskommune som tar særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.
Arrangementet er ope for alle. Det blir lett servering, og du kan lære om korleis ein vinnar jobbar med språk, særleg nynorsk. Du kan også følgje arrangementet digitalt.
Meld deg på arrangementet som digital eller fysisk deltakar i dette skjemaet.
| 11.30 | Mat og prat |
| 12.00 | - velkommen ved juryleiar Margrethe Kvarenes - prisutdeling ved statsråd Lubna Jaffery - faginnlegg ved vinnarkommunen - uhøgtidleg kviss om nynorsk og språkpolitikk |
Prisen kan gå til ein kommune eller fylkeskommune som viser til
I år vil juryen leggje særleg vekt på korleis kommunane sikrar at innvandrarar og flyktningar får eit godt tilbod for opplæring i og på nynorsk.
Juryleiar er avdelingsdirektør Margrethe Kvarenes i Språkrådet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.
Alle som er nøgde med nynorskarbeidet i ein kommune eller fylkeskommune, har kunna føreslå ein kandidat til prisen.
2023: Prisen vert utdelt annakvart år frå 2022
2022: Vestland fylkeskommune
2021: Ål
2020: Voss herad
2019: Ålesund
2018: Vinje
2017: Sveio
2016: Time
2015: Førde
2014: Radøy
2013: Ørsta
2012: Sogn og Fjordane
2011: Fjell
2010: Seljord
2009: Stord